Kjøkkenet


Me er kjempe fornøyd med kjøkkenet. Eg synst me ha utnytta plassen bra. Sjølv om kjøkkenet berre er på 6 kvm har me mykje skap og benkeplass. Sida det er nesten 3 meter takhøgde valgte me å ta overskapa nesten heilt opp i taket før å få utnytte plassen. Eg valgte å berre ha overskap på eine sida av kjøkkenet og det er eg veldig glad for. Ellers trur eg at me hadde følt at kjøkkenet hadde blitt trangt. Det er forsatt igjen litt små ting, slik som lampe også har me tenkt å bytte ut blandebatteriet, før me tok å brukte det som var på det andre kjøkkenet sida det ikkje var gammalt, men eg synst ikkje det passar inn på dette kjøkkenet. Så det må nok bli eit nytt. 

Eg kjem til å legge ut før og etter bilde av kjøkkenet når lampene er kommen på plass. Skal love deg at det har skjedd STOR forandring her. 













 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits