Neste prosjekt i leiligheiten

No skal snart hundane og eg sette oss i bilen og sette snuten mot Bergen igjen etter ei roleg og fin helg i Luster. Me skal stoppe ein liten tur på Hafslo på Hestnes i huset vårt. Der eg skal ha visning på kjellar leiligheiten i huset. Dei som bur der no har kjøpt seg hus så dei flyttar snart ut. 

På fredag kjem Joakim heim fra jobb igjen og pappa kjemme til Bergen for å vere med å pusse opp gangen vår. Det skal bli fint å få vekk den kvitgule fargen på veggane og dørane, nytt golv og me skal bygge ein liten vegg på sida av sikringskapet og laga hyller under sikringskapet. Så
 får me meir plass til sko i gangen. Ny lampa skal me og ha, men korleis lampe skal eg velge til ein gang ? Tek gjerne imot tips. Me har jo allerede eit ganske så nytt skoskap og speigel som me skal forsatt ha. Trur gangen kjemme til å bli veldig fin sjølv om at den er veldig liten.  








Ha forsatt ein fin søndag ! 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Lene Madsen

Lene Madsen

23, Bergen

Bur fortida i Bergen i leiligheiten på 42 Kvm fra 1914. Som me driv so smått å pussa opp. Huset vårt på Hafslo er utleigd til me flyttar heim igjen til Sogn.

Kategorier

Arkiv

hits